Berekningar viser at jord- og skogbruket i 2006 stod for 9 prosent av dei totale utsleppa av klimagassar, målt som CO2 –ekvivalentar, skriv Geir Inge Gundersen. Ser ein på CO2 -utslepp åleine, stod landbruket for berre ein prosent av dei totale utsleppa i Noreg. Sektoren bidrar positivt til opptak og binding av karbon i skog, i planter og i jordsmonnet. Dei største utfordringane for jordbruket er derfor utslepp av lystgass og metan. Klimaeffekten av lystgass er 310 gonger sterkare enn karbondioksid, medan metan er 21 gongar sterkare.
I 2005 stod jordbruket for 45 prosent av dei norske utsleppa av lystgass. Dei viktigaste kjeldane til lystgassutslepp er bruk av husdyr- og handelsgjødsel, avrenning av nitrogen og oppdyrking av myr.
Nesten alle utslepp av metan frå jordbruket er knytte til husdyr, hovudsakleg frå storfe. Husdyra slepp ut metan direkte frå fordøyingssystemet, og indirekte frå gjødsla dei produserer. I 2005 stod jordbruket for 49 prosent av det totale metanutsleppet i Noreg.
Det har til nå ikkje vore satt i verk spesielle tiltak for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket. I Stortingsmelding nr. 34 (2006-2007) – Norsk klimapolitikk, foreslåast det nå fleire tiltak på dette området. Blant anna ønskjer ein å utvikle regionale miljøprogram til og å omfatte tiltak for å redusere utslepp til luft, og myndigheitene vil venteleg frå 2008 innføre eit tilskot for bruk av miljøvennlege spreieteknikkar for husdyrgjødsel, skriv Geir Inge Gundersen på
http://www.ssb.no/vis/magasinet/miljo/art-2008-01-14-01.html
|