annonse
 
nettby.net
fredag, 03.09.2010
sok po nettby.net Søk i Norgesavisa

 
03.02.2010 - 14:49

Samfunnsteneste for å handtere auka behov for omsorg?

”Omsorgsutfordringar framover – og det sivile samfunnet si rolle”

Innlegg på Forum for sentrumspolitikk, Oslo 3. februar. 2010

Mitt faglege utgangspunkt er samfunnsplanlegging, altså handlingsretta kunnskap som går på tvers av styringsnivå og sektorgrenser – og der eldreomsorg i stadig sterkare grad blir eit tema. Synspunkta på eldreomsorg er underbygd med referanse til tilgjengelege forskingspublikasjonar, og ikkje basert på eigne primærkjelder. I den grad politiske vurderingar blir gjort, vil eg presisere det.

Eit omforeint utgangspunkt er den tiltakande aldringa i den norske befolkninga, og dei særskilde utfordringane som ligg på arbeidsinnsats i eldreomsorg i åra som kjem. Berekningar som er gjort av forskarar på SSB viser til dels dramatiske tal – det er ein reell mulighet for at vi i løpet av 40 år (2050) må bygge opp arbeidsinnsatsen i eldreomsorg frå dagens ca 110.000 årsverk til ca 240.000 (Bjørg Langseth / SSB Økonomisk Utsyn 4/2006). I denne berekninga går ein ut frå at den familiebaserte og ubetalte innsatsen vil utgjere ca 80.000 årsverk både no og i framtida.

Den store veksten i etterspørselen etter personale vil etter SSB sine berekningar altså kome etter 2020. Det betyr at vi har 10 år på oss til å planleggje og etablere ein beredskap som tar høgde for utfordringane.

Demografisk er ikkje tilstanden i Norge verre enn i Europa eller i Norden forøvrig. Det fødest bra med barn, og det er bra tilgang på innvandra arbeidskraft i dag. Men medisinsk utvikling og førebyggande åtferd er etter SSB si meining avgjerande for om vi maktar å møte eldresamfunnet. Medisinsk er vi særleg avhengige av at det blir mogleg å behandle og dempe demens i den eldre delen av befolkninga. Forebyggingsmessig må seniorar bli mykje flinkare, ikkje primært til å halde seg i form, men til å planleggje og reflektere over sin eigen uunngåelege skrøpelegheit. Altfor få gjer dette i dag, ifølgje NIBR-rapporten ”slik vil de eldre bu” (NIBR-rapport 2005:17).

Med ei gunstig medisinsk og førebyggingmessig utvikling, vil det etter SSB si oppfatning vere mogleg å redusere den valdsame auken i personalinnsatsen, slik at det ”berre” blir behov for ca. 80.000 nye årsverk – eller i gjennomsnitt 200 nye stillingar i eldreomsorgen i kvar kommune per 2050.

Teknologiske hjelpemiddel kjem i sterkare grad, og på alle område, og kan bidra til problemløysing. Heimen med robotar, løftemaskiner og overvaking i alle rom kan bli ein realitet for mange, men teknologisk utvikling vil ikkje i seg sjølv kunne føre til ei vesentleg avlasting av behovet for arbedsinnsats.

Den politiske responsen og beredskapen for omdanninga av Norge til eit eldresamfunn må seiast å ha vore brukbar så langt. Dette trass i at mykje av fokus har vore retta mot ”mindre” problem som pensjonistane sin økonomi, ein reform for einerom på institusjonar, og eit etter mitt syn uheldig fokus på at det å legge til rette for at eldre kan bu i sine vante heimar kan erstatte behovet for omsorgsbustader og institusjonsplassar. Eit anna sidespor har vore etablering av sjukeheimar i ”syden”.

Den politiske beredskapen har vore tilgodesett ved den store forskings- og formidlingsinnsatsen som NIBR-forskar Ivar Brevik har stått for. Alt på 1970-talet kom han med sterke bodskap om alvoret i eldrebølgja. Det er i dag stor vilje til å drøfte og engasjere seg i eldrepolitiske spørsmål i norsk politikk, lokalt som sentralt. Det er oppnådd stor politisk legitimitet for eldresatsinga, og sektoren ruvar allereie i det samla norske velferdssamfunnet. Partiprogramma har eldrepolitikk høgt oppe blant dei prioriterte innsatsområda. Så er det kanskje eit stort paradoks då, at ansvaret for korleis dei eldre har det i kvardagen, ikkje ligg til Stortinget, men til det kommunale nivået. Her er meiningane delte om kor vellukka det har vore. Eg er blant dei som meiner at det har fungert bra.

Kommunane har nemleg tatt eit stort ansvar for dei auka oppgåvene i eldreomsorga. Det har vore eit fråver av standardmodellar for korleis ein skal tilby ein god eldreomsorg. Dette har ført til mykje prøving og feiling lokalt. Staten har i hovudsak styrt gjennom lovgiving (Kommunehelselova) og gjennom reformar med økonomiske insentiv (t.d. for bygging av einerom). Men i fråver av ein dominerande profesjon (verken legane eller sjukepleiarane kan seiast å ha ønska å prioritere eldreomsorga), har trauste ordførarar, rådmenn, etatsfolk og lokale eldsjeler fått på beina eit imponerande tilbod. Rådmannen ikkje minst, med sine upopulære overføringar av kommunale midlar frå oppvekst/skole til eldreomsorg, der situasjonen har tilsagt det, har bidratt til at vi i dag har ein rimeleg god eldreomsorg i kommune-Norge.

Kommune betyr ikkje berre lokalt tilpassa løysingar. Kommune betyr også politisk kontroll – altså at fleirtalet kan bli kasta ved neste val om dei ikkje gjer jobben godt nok. Samtidig gir kommune (i motsetning til Stat og Region) stor fleksibilitet, både med å finne fram til eigna innsatsformer, og til å mobilisere partnerar og ressursar av ulikt slag. Med kommunane i førarsetet ligg det etter mitt syn til rette for tilpassingar, innovasjonar og fleksibilitet også i framtida. Frivillighetssentralar er eit eksempel på samspel ut frå lokale behov – her bidrar både stat, kommune, frivillige organsiasjonar og lokale eldsjeler.

Det kommersielle innslaget i norsk eldreomsorg er lite, men i vekst. Her har vi dei store klassemessige utfordringane: Mange av oss ønskjer ikkje ein situasjon der dei best bemidla av dei eldre skal motta pleie utført av dei mest underbetalte kvinnene.

Samarbeid mellom eldre og danning av eldrekooperativ er lite utvikla, men også i vekst. Dette er kanskje det viktigaste satsingsfeltet, for der set ein fokus på, og erkjenner, komande skrøpeligheit.

Innslaget av frivillig sektor er stort, oftast i samarbeid med kommune og stat. Men den frivillige innsatsen i NKS, Nasjonalforeininga, Røde Kors, kristelege organisasjonar er vel ein del på hell.

Innslaget av ubetalt omsorg i form av pleie, hjelp og samver i familiener stort, og i all hovudsak utført av kvinner. Dette er også eit regionalt fenomen – der vi finn sterkare familie/kvinneinnsats på Sørlandet enn i Finnmark (der barna til dei eldre i større grad enn på Sørlandet har flytta til Osloregionen). Utviklinga på dette området er uviss, og handlar om likestilling i familien og kvinners yrkesaktivitet. Men behovet for familiebasert omsorg vil alltid vere stort. Vi kan aldri bevilga oss ut av dei eldrepolitiske utfordringane som har å gjere med dei eldre sine ønsker om å ha nær kontakt med eigen familie.

Offentleg eldreomsorg er dyr i dag. Men den blir vanvittig dyr i tida som kjem. Berekningane frå SSB antyder at viss arbeidsgivaravgifta til folketrygda skal dekke opp behovet for nye årsverk, så vil den måtte minst doblast og kanskje kome opp i 30 %. Dette vil vere øydeleggjande for konkurransesituasjonen til norsk næringsliv – og det må derfor tenkjast ut andre finansielle løysingar. Fyordet heiter i denne samanhengen skatt : Den noverande fredinga av skattenivået bør vi, etter mitt syn, sjå på som høgst midlertidig.

Så nokre sosiale og kulturelle perspektiv: Dei eldre er ofte ”sære”, ikkje alltid i godt humør, og kan ikkje forventast å opptre rasjonelt. Det er heilt normalt å ”stivne” i tenke- og handlemåte når ein blir eldre, og dessutan vil tiltakande aldring i befolkninga føre til langt fleire demente. Eit interessant døme på tilstanden er at berre om lag 20 % av seniorane på 50 år tar omsyn til eigen skrøpelegheit (som også er mental!) i alderdomen når dei planlegg kor dei vil bu i framtida. Det betyr at det var 80% av dei spurte i undersøkinga frå 2005 som ikkje hadde dette i tankane (Brevik og Schmidt 2005: 221).

Folk flest er fornøgde med eldreomsorga i dag. Den landsomfattande brukarundersøkinga som nyleg er foretatt av DIFI viser dette, og vi har vel alle erfaringar som pårørande med kommunalt tilsette som strekker seg svært langt og som er oppriktig glade i dei eldre som dei yter omsorg til. Sosialantropologen Halvard Vike si forsking har vist boka Maktens samvittighet (2002) at det er lite å gå på, dersom ein har den oppfatninga at dei tilsette i sektoren kunne yte meir og betre omsorg. Sjukefråværet i eldreomsorgen talar for seg.

Det vil uansett kva vi gjer av ”smarte” ting vere ei stor utfordring: Vi vil ha for lite arbeidsinnsats i forhold til behovet i tida som kjem, særleg etter 2020. Og det er ein ”mismatch” mellom kompetanseutvikling i den norske befolkninga og kompetansekravet i innsatsen på eldreområdet: Vi utdannar i dag for mange med svært høg kompetanse, og for få med middels. Dette viser seg på svært mange samfunnsområde. Behov for meir innsats i omsorgsarbeid kan vi møte på fleire måtar:

Tiltak som kan føre til endring i behovet. Vi kan kome eit stykke på veg ved å styrke seniorane si sjølhjelpstenking, og lage insentiv for samarbeidsløysingar ut frå vennskap, nabolag, arbeidsplassar.

Endring i tilgangen på norsk ordinær arbeidsinnsats . Kan vi få fleire til å velje helse/omsorgsfag i vidaregåande skule? Kan vi få legar og sjukepleiarar meir innretta mot eldrepolitiske oppgåver? Her er samhandlingsreforma ein prøvestein.

Endring i tilgangen på, og kvalifiseringa av, innvandra arbeidskraft i omsorgsektoren. Ei umiddelbart logisk løysing, men ei løysing med mange moralske dilemma. Ein ting er å tømme fattige regionar for den beste arbeidskrafta. Ein anna ting er at innvandra arbeidskraft kan bli utnytta økonomisk både kommersielt og ikkje minst i privatsfæren, og vi kan få tilstandar som vil dreie samfunnet bort frå likskap, rettferd og velferd for alle – om det fortsatt skal ver eit politisk mål.

Verneplikt / Samfunnsteneste . Kanskje det mest interessante forslaget er samfunnsteneste for alle, i ein situasjon der den ordinære verneplikta ikkje kan omfatte meir enn ein liten del av heile årskullet. ”Sivilteneste” kan erstattast av ”samfunnsteneste” for dei som ikkje veljer Nils Aarsæther er professor i samfunnsplanlegging, Universitetet i Tromsø

Han er medlem av Senterpartiets Sentralstyre

annonse
 
NETTHANDEL
Bikuben
LOKALAVISER
Firda Tidend
Agderposten
Grenland (til salgs)




 
  Redaktør Arne S. Dolven
E-post: arne.dolven@nettby.net
Mobil: 99 51 66 83
Design og teknisk løsning fra  
http://www.nettby.net