Statistisk Sentralbyrå melder:
Det var 1 473 000 breibandsabonnement ved utgangen av 4. kvartal 2007, 213 000 eller 17 prosent fleire enn i same periode i 2006. Etter svakare auke i talet på breiband i 2. kvartal 2007 er det no ein høgare vekst andre kvartalet på rad.
Heile 1 326 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 147 000 abonnement. I begge marknadene var auken på 17 prosent frå 4. kvartal 2006. Samanlikna med den svake auken i 2. kvartalet i fjor er auken i 4. kvartal dobbelt så stor. Dette kan tyde på at utbygginga av breiband for å dekkje heile landet er i ferd med å gje resultat.
Talet på private breiband i høve til hushalda har no kome opp i 64 prosent for heile landet. Rogaland er så vidt slått av Akershus som fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, begge med om lag 70 prosent. Finnmark er som tidlegare fylket med færrast breibandsabonnement, no med 54 prosent.
Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 8 Mbit/s ligg no på 9 prosent, mot 6 prosent ved førre måling. Delen med over 2 Mbit/s er 60 prosent, medan berre 12 prosent har breiband under 1 Mbit/s.
Les mer på:
http://www.ssb.no/inet/
|