annonse
 
nettby.net
fredag, 03.09.2010
sok po nettby.net Søk i Norgesavisa

 
16.03.2008 - 14:39

En kvart million utlendinger i Norge

Statistisk Sentralbyrå melder:

266 300, eller 5,6 prosent av alle busette i Noreg per 1. januar 2008 hadde utanlandsk statsborgarskap. Veksten i talet på utanlandske statsborgarar var på heile 28 000. I 2006 var veksten på 16 000, medan han i åra 2003-2005 varierte mellom 7 000 og 9 000.

Langt dei fleste er europearar

167 400 eller 63 prosent av dei utanlandske statsborgarane har eit europeisk statsborgarskap. 54 800 eller 21 prosent har eit asiatisk statsborgarskap, og 25 400 eller 10 prosent eit afrikansk. 10 800 eller 4 prosent har eit nord- eller mellomamerikansk statsborgarskap, og 5 400 eller 2 prosent eit søramerikansk. 1 300 eller 0,5 prosent har statsborgarskap frå eit av landa i Oseania. Med 25 000 fleire europeiske statsborgarar enn året før stod europearane for mest heile veksten i talet på utanlandske statsborgarskap.

Det er inn- og utvandringar og overgang til norsk statsborgarskap som har mest å seie for talet på busette med utanlandsk statsborgarskap. Overgang til norsk statsborgarskap krev normalt ei viss butid i Noreg. Frå midten av 1980-åra har det vore ei stor overvekt av ikkje-vestlege statsborgarar bland dei som har søkt om og fått innvilga norsk statsborgarskap. Til dømes er nesten alle innvandrarar frå Vietnam norske statsborgarar, medan det berre er eit fåtal av dei som har kome frå Sverige som har skifta statsborgarskap.

Kva einskildland kjem dei frå?

Talet på polske statsborgarar auka mest også i 2007. Det var ved årsskiftet mest dobbelt så mange polske statsborgarar busett som året før, og det er tredje året på rad at talet doblar seg. Det er no 26 800 polske statsborgarar busett her i landet, og dei er den nest største gruppa med utanlandsk statsborgarskap. Det er berre svenskar det er fleire av (29 900), medan den tredje største gruppa er danskar (20 500). Gruppene med størst vekst bortsett frå polakkane (som var 13 200 fleire enn førre året), kom frå Tyskland (3 100 fleire) og Litauen (2 100 fleire). Det var størst nedgang blant dei med irakisk statsborgarskap (1 500 færre enn førre året). Det heng saman med at mange av dei som tidlegare har innvandra frå Irak fekk innvilga norsk statsborgarskap i fjor.

Kor bur dei?

Det var flest utanlandske statsborgarar busett i Oslo og Akershus, der dei stod for 11 og noko under 7 prosent av folketalet, med 62 500 og 34 400 busette. I Rogaland og Buskerud var det òg over 6 prosent utanlandske statsborgarar. Færrast var det i Nord-Trøndelag og Nordland, der dei stod for om lag 3 prosent av folketalet i kvart av fylka. Fylket med størst vekst i talet på utanlandske statsborgarar var Rogaland, der det budde noko over 4 500 fleire 1. januar 2008 enn ved førre årsskiftet - men Oslo følgde rett etter med tett under 4 500 fleire enn året før.

Les mer på http://www.ssb.no/folkemengde/

annonse
 
NETTHANDEL
Bikuben
LOKALAVISER
Firda Tidend
Agderposten
Grenland (til salgs)




 
  Redaktør Arne S. Dolven
E-post: arne.dolven@nettby.net
Mobil: 99 51 66 83
Design og teknisk løsning fra  
http://www.nettby.net