|
Tekniske fagskoler får en svak økning, mens andre fagskoletilbud får en ny bevilgning på 25,8 mill. kr. For 2010 er det lovet 75 mill kr til å fullfinansiere tilbudene innen helsefag. Men Bondelaget har talt for døve ører. Hele 1058 fagskoletilbud er nå godkjent av NOKUT. (Bård Vegar Solhjell er fotografert av Bjørn Sigurdsøn)
Vinneren i budsjettet er skoler med fagskoletilbud innen helse, men de med tekniske fagskoletilbud kanskje er mellomfornøyd. Midler til fagskoletilbud innen andre områder som for eksempel landbruk er ikke omtalt.
Vi klipper fra statsbudsjettet:
Mål
For fagskoleutdanningar er det sett følgjande mål:
· Godkjend fagskoleutdanning skal gi studentane kvalitetssikra, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningstilbod som byggjer på avslutta vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
I teksten står det:
Fagskoleutdanning skal vere eit sjølvstendig alternativ til høgre utdanning. Fagskoleutdanning er yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, med eit omfang som svarar til minimum eit halvt års studium og maksimum to års studium. Dette er ein viktig utdanningsveg for personar med yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring som treng å utvikle kompetansen sin i tråd med krava i kunnskapssamfunnet. Fagskoleutdanninga er regulert i lov 20. juni 2003 nr. 56 lov om fagskoleutdanning. Lova blei endra med verknad frå 1. august 2007.
Orda «fagskole» og «fagskoleutdanning» er beskytta, med verknad frå 1. juli 2008, for å sikre studentar mot useriøse tilbydarar. 25. april 2008 tok ny godkjenningsforskrift for fagskoleutdanninga til å gjelde.
Med revidert lov om fagskoleutdanning blei det innført vesentlege endringar for kvalitetssikring av fagskolesektoren. Ei hovudendring var, på visse vilkår, å gi tilbydar eigen fullmakt til å opprette nye tilbod innanfor avgrensa fagområde (godkjend tilbydar). Ordninga har som formål å føre til at godkjenningsprosessen for fagskoleutdanning blir lettare. Hovudregelen er likevel framleis at det er det enkelte tilbodet som blir godkjent. Endringane inneber at tilbydarar som gir godkjend fagskoleutdanning, også skal ha tilfredsstillande system for intern kvalitetssikring.
Fagskoleloven er ei rammelov som gir tilbydarane stor fridom til å fastsetje innhaldet i utdanninga og etablere formålstenlege ordningar lokalt. Fagskolesektoren er derfor prega av stort mangfald. NOKUT har til no godkjent 1 058 utdanningstilbod. Fagskoleutdanning skal vere yrkesretta og gi ein sluttkompetanse ein kan ta direkte i bruk i arbeidslivet. Tilbydarar skal samarbeide med yrkeslivet for å sikre og utvikle kvaliteten etter krav frå arbeidsmarknaden. Godkjenningsordninga har vist seg å føre til styrkt kvalitet i utdanningane.
Fleire høringsinstansar ønskjer ei vidare ordning for godkjende tilbydarar enn det departementet foreslo i høringa. Departementet meiner det er viktig å samle erfaring og gå forsiktig ut med ei nokså snever ordning før det kan bli aktuelt å utvide ordninga. Dette er også i tråd med forarbeida til lova. Departementet meiner likevel at det etter noko tid er naturleg å evaluere korleis ordninga har fungert, for å vurdere eventuell utviding.
Saksbehandlingstida for søknad om godkjenning av utdanningstilbod er framleis for lang; gjennomsnittstida er 13 månader frå søknad er registrert til vedtak er fatta. Mangfaldet i sektoren og den store fridomsgraden fagskolane har, har avdekt eit større behov for rettleiings- og saksbehandlingskapasitet enn først tenkt.
Kontroll med og utvikling av fagskolesektoren er vesentleg for kvaliteten. Ressursar til informasjon og rettleiing om kvalitetssikring av fagskoleutdanning vil auke kunnskapsnivået i sektoren. Det kan også føre til høgre kvalitet på innkomne søknader og gi redusert saksbehandlingstid.
Regjeringa vil hausten 2008 fremme ein odelstingsproposisjon om oppgaveoverføring knytt til forvaltningsreforma, mellom anna forslag om at drifts- og finansieringsansvaret blir lagt til fylkeskommunane frå 2010.
Tallene i budsjettet for 2009 er slik:
Tekniske fagskoler: 317,5 mill kr mot 304,1 for 2008
Andre fagskoletilbud: 25,8 mill.kr mot 0 for 2008
Teksten lyder:
Kunnskapsdepartementet vedtok 25. april 2008 ei ny godkjenningsforskrift for fagskoleutdanning. Endringane inneber at tilbydarar av godkjend fagskoleutdanning skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring. Godkjenningsprosessen for større fagskoletilbydarar skal bli lettare. Hovudregelen vil framleis vere at det er den enkelte fagskoleutdanninga som blir godkjend av NOKUT, men òg tilbydarar skal under visse vilkår kunne få godkjenning, og med det få rett til å opprette tilbod utan ytterlegare godkjenning. Samtidig er koplinga mellom fagskoleutdanning og yrkeslivet presisert. Orda «fagskole» og «fagskoleutdanning» er blitt beskytta, med verknad frå 1. juli 2008, for å sikre studentar mot useriøse tilbydarar.
I Ot.prp. nr. 39 (2006–2007) foreslo departementet å føre vidare skiljet mellom godkjenning av fagskoleutdanning og rett til tilskott. Etterspurnad og betalingsvilje i marknaden skal i hovudsak styre tilbodet av fagskoleutdanning. Likevel er det nødvendig å yte tilskott til særskilt prioriterte utdanningar, som til dømes tekniske fagskoleutdanningar og helse- og sosialfagutdanningar. For omtale av tilskott til helse- og sosialfagutdanningar, sjå kap. 761 post 60 i St.prp. nr. 1 (2008–2009) for Helse og omsorgsdepartementet.
Når vi ser her finner vi interessante tall og litt tekst:
Tilskudd til fagskoleutdanning innen helse- og sosialfag
Det vises til omtale av tilskudd til fagskoleutdanning innen helse- og sosialfag i innledningen til programkategori 10.60 om Omsorgsplan 2015. Samtidig som det foreslås å bruke 25 mill. kroner fra Kompetanseløftet 2015, styrkes ordningen med 25 mill. kroner med virkning fra annet halvår 2009. Satsingen medfører at helsefagskolene fullfinansieres. Fra 2010 vil tilskuddet utgjøre i alt 75 mill. kroner.
Så går vi tilbake til Kunnskapsdepartementets tekst:
Vurdering av søknad om tilskott blir gjort på grunnlag av budsjettrammer, politiske prioriteringar og særskilte samfunnsbehov.
I revidert fagskolelov er løyve til å krevje eigenbetaling av studentane presisert. Tilbydarar av fagskoleutdanning kan berre krevje eigenbetaling i den grad det ved tildeling av tilskott ikkje er bestemt at utdanninga skal vere gratis. Statstilskott og eigenbetaling skal komme studentane til gode.
Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å drive korte, fleksible og arbeidsmarknadsretta utdanningar ved å yte tilskott til tilbydarar som tilbyr fagskoleutdanning godkjend etter lov om fagskoleutdanning.
Talet på godkjende fagskoleutdanningar har auka kraftig dei siste åra. I januar 2006 var det godkjent elleve fagskoleutdanningar, og om lag 580 søknader var under behandling. 1. september 2008 var dei tilsvarande tala 1 058 og 162.
I samband med forvaltningsreforma vil drifts- og finansieringsansvaret for fagskolane verte overførte til fylkeskommunane i 2010.
Om tekniske fagskoler heter det spesielt i teksten:
Teknisk fagskoleutdanning er eit to-årig tilbod om fagskoleutdanning i fylkeskommunal regi. Opplæring på fagskolenivå skal vere i samsvar med definerte behov i arbeidslivet. Tilskottsmottakarar er fylkeskommunar som tilbyr teknisk fagskoleutdanning som er godkjend etter fagskolelova.
Talet på innrapporterte heiltidsstudentar i teknisk fagskoleutdanning var hausten 2007 3 000 heiltidsstudentar. Dette er ein auke på om lag 180 heiltidsstudentar sidan hausten 2006.
Regjeringa foreslår å løyve 317 mill. kroner på kap. 276 post 70.
Om andre fagskoler heter det spesielt i teksten:
Lov om endringar i friskolelova (ny privatskolelov) blei behandla i Odelstinget og Lagtinget samstundes med fagskolelova, jf. Innst. O. nr. 88 (2006–2007). Revidert privatskolelov tredde i kraft 1. juli 2007. Etter lovendringane i privatskolelova har enkelte vidaregåande skolar som tilbyr yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, fått godkjenning etter fagskolelova. Dette gjeld skolar som ligg over vidaregåande opplæringsnivå.
Kap. 6A i privatskoleloven vil slutte å gjelde 1. juli 2010, jf. privatskoleloven § 8–2. Innan den tid må skolane som hører inn under noverande kap. 6A i privatskoleloven (såkalla 6A-skolar), ha søkt om ny lovtilknyting. Om lag 25 av desse skolane er i dag aktuelle for godkjenning etter fagskoleloven. 6A-skolar som blir godkjende etter fagskolelova, vil framleis ha moglegheita til framtidig tilskott for faktiske elevar avgrensa til det elevtalet dei i dag har godkjenning for.
Ein del av 6A-skolane er godkjende utan øvre grense for talet på studieplassar, mens dei fleste har ei øvre grense for talet på studentar dei kan ta imot tilskott for. Ved utforming av ny tilskottsordning på fagskolekapitlet ønskjer departementet ei lik handsaming av dei tidlegare 6A-skolane. Departementet foreslår derfor å innføre ei øvre grense også for dei som ikkje har det i dag. Den øvre grensa bør spegle eit realistisk potensial for talet på studieplassar og ta omsyn til studenttalet for dei siste åra. 6A-skolar som i dag har avgrensing i talet på studieplassar, har i dei siste tre åra hatt ei underutnytting av kapasiteten på 35 pst. Departementet foreslår å leggje dette til grunn for utrekning av øvre grense for dei resterande 6A-skolane. I tråd med dette foreslår departementet at øvre grense for talet på studieplassar desse skolane kan ta imot tilskott for, blir rekna ut for kvar enkelt tilbydar på bakgrunn av det gjennomsnittlege talet på studentar ved skolen i dei siste tre åra, samt eit påslag på 35 pst.
Med bakgrunn i Stortingets handsaming av dei såkalla 6A-skolane, jf. Ot.prp. nr. 37 (2006–2007), er kap. 276 post 72 auka med 25,7 mill. kroner i høve til 2008.
Regjeringa foreslår å løyve 25,8 mill. kroner på kap. 276 post 72.
Kilde:
www.regjeringen.no
|